torsdag 13. november 2014

1920 - 1957 - Jon Ewo

Kva om historia hadde utvikla seg heilt annleis enn den gjorde? Kva om unionen med Sverige ikkje vart oppløyst, men at svenskane tvert om tvang Norge inn under eit diktaturstyre. Kva om nazistane vann 2. verdskrigen?

I boka 1920 møter vi hovupersonen Håkon, som er amatørboksar og prøver å halde motet opp i eit Norge styrt av Sverige. Landet er eit diktatur. Svenskane har funne olje i nordsjøen, og lar norske kriminelle og politiske fangar jobbe som slavar på plattformane.

Håkon si søster sit som politisk fange på Akershus festning, og Håkon legg ein plan for å få henne fri.

Boka er svært spennande, og det er interessant å sjå for seg eit Norge med ei annleis historie. Eg trur vi har godt av å tenke at ting faktisk kunne vore annleis, og at det ikkje er sjølvsagt at Norge er eit fritt land!

Også boka 1957 er utfordrande for fantasien. Hovudpersonen i boka, Monika, er sett fram som eit ideal for norske jenter. Ho deltek i propagandafilmar og er i det heile begeistra for Stor-Germania, der Norge er ein av fleire statar. Heilt sidan nazistane vann 2. verdskrigen og Hitler vart drept i eit attentat i 1941, har Norge blitt styrt av Heinrich Himmler. Monika kallar han for "onkel", og vegen framover er allereie lagt. Ho skal utføre sine plikter for den germanske staten! Det er berre ein liten månad til ho skal bli forlova med Erik, ein SS-soldat utvalgt av Himmler.

Men så møter ho motstandsguten Hans. Han snakkar om andre haldningar, og eit anna Norge, og klarar å så tvilen i Monika. Finst det skuggesider ved det norske SS-styret?

Monika begynner å nøste opp i si eiga fortid, og finn ting som endrar heile hennar verd.

Bøkene 1920 og 1957 er fantasitriggarar, samtidig som dei fortel spennande og actionfylte historier.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar