onsdag 17. september 2014

Soledad - Tor Arve Røssland

Kva om du ein dag vaknar opp og er heilt aleine? Ikkje som i at du er aleine i huset, eller at du ikkje finn nokon å vere saman med. Men at du vaknar opp og det ikkje finst nokon andre å finne? Det er det som møter Soledad. Ho er på ferietur til Utsira saman med faren. Den tiande dagen dei er der, vaknar ho opp til ei aude øy. Det finst ikkje eit einaste anna menneske på øya.

Utan moglegheit til å forlate øya, må Soledad klare seg som best ho kan. Ho lever på mat ho finn i dei forlatte husa, og ser i kikkerten at det skjer grusame ting på fastlandet. Nesten alt av bebyggelse er brent ned, og ikkje eit anna menneske er å sjå.

Så ein dag får ho auge på eit helikopter, og augnar håp. Ho klarar å trekkje til seg merksemda, og ser redninga nærme seg. Då samlar deg seg svarte skyer på himmelen, og eit lynnedslag styrtar helikopteret i vatnet. Alt håp om redning er ute - Soledad er verkeleg soledad (i einsemd).

Ho prøver å samle saman informasjon for å prøve å finne ut kva som har skjedd, og svaret er så rystande at det nesten ikkje er til å tru...

Dette er ei spennande ungdomsbok, om ei verd der reglane plutseleg vert endra. Boka passar godt for dei som likar spenning kombinert med framtidsdystopiar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar