tirsdag 30. september 2014

Alle mine bibliotek

Ein tekst med denne overskrifta kunne blitt veldig lang. Den kunne blitt så lang at du hadde sovna før du kom halvvegs, for det er verkeleg ein del bibliotek i livet mitt. Og eg har mykje å seie om dei.

Eg kunne for eksempel skrive mykje, svært mykje, om folkebiblioteket i barndomsbygda mi, Balestrand. Eg kunne fortalt om lånenummer, bokposar, sjakkspel, kopiering til skuleoppgåver, den store overgongen det var å skulle leite etter bøker i dei vaksne hyllene og om den koselege bibliotekaren Svanhild, som mange gongar hjalp meg med å finne bøker.

Vidare kunne eg fortalt om biblioteket i Ålesund, som sant å seie redda meg frå å dø av keisemd sommaren 1999, og der eg for alvor fekk opp auga for gleda ved å lese noveller. Biblioteka på Lillehammer og i Kirkenes høyrer også naturleg med på lista. Eg gjekk inn i førstegangstenesta med ei bok i handa (den fullførte eg for øvrig aldri (Beklagar Erlend Loe, men L var ein liten nedtur etter Naiv super), noko eg derimot gjorde med ei rekke andre bøker i løpet av året i grønt).

Så er det sjølvsagt biblioteket i Bergen. Og det i Åsane. Og det på Straume. Og det på Svortland. Eg har ein del lånekort liggjande å slenge...

Til slutt kunne eg skrive mange varme ord om biblioteka her i Suldal. Først og fremst biblioteket i Erfjord, som eg var heldig å bu berre 50 meter frå i åtte år... Det var kortreist leseglede. Også skulebiblioteka i Erfjord og på Sand, og hovudbiblioteket på Sand skulle fått ein god del rosande ord. Det er bøker, så ufatteleg mange bøker, og eg kjenner det, faktisk, av og til som å gå inn i ein godtebutikk når eg trør over dørstokken til ei god boksamling. (Då kan de tenke dykk kva eg har følt dei gongane eg har besøkt bokbyen i Fjærland...)

Vel, alt dette kunne eg skrive om. Men eg skal ikkje det. Eg vil skrive om dei to tinga som har vekt lesegleda i meg. For det er nemleg først og fremst to, sentrale element som har spelt inn:

For det første er det foreldra mine. Dei leste for meg, kjøpte bøker til meg, oppfordra meg til å lese, tok meg med på biblioteket og ikkje minst, dei gav meg rom til å lese. Eg har mange gode minner frå lange søndagar i skinnstolen heime (sjølvaste hovudlesestolen...), då eg pløygde meg veg gjennom Hardy-gutane, frøken detektiv, Ellis og Cooper, Davy Crockett, Barney Buck, "Historien om..."-serien, juniorbokklubben-bøker osv. Dei, altså foreldra mine, let meg utvikle meg fritt som lesar, og det er ei av dei beste gåvene dei har gitt meg.

For det andre må eg nemne dette:


Tilgangen til bøker!

Og at nokon har tid til å sortere dei, finne dei fram, låne dei ut og setje dei på plass att når ein er ferdig.

For skal vi lære dei unge å bli gode lesarar, treng vi i realiteten å gjere "berre" to ting: Skape leselysta hos dei, og gje dei tilgang til bøker. Mange bøker. Så mange bøker at dei alltid vil finne ei bok som dei har lyst til å lese akkurat der og då. Og bøker som evnar å møte den enkelte på sitt nivå.

Verre er det ikkje.

Men det fordrar altså at dei har tilgang til gode boksamlingar i tilgjengelege bibliotek, og at der er bibliotekarar som har tid til å hjelpe dei å finne bøker.

Så takk, foreldrene mine! Takk, Svanhild, Irene og alle andre bibliotekarar eg har møtt på min veg, som har hjelpt meg å finne gode bøker! Og takk, kjære kommunar eg har budd i, som har heldt opne gode bibliotektilbod eg har kunne boltre meg i! Måtte dagens ungdom, i Suldal, få same sjansen!

(Viss eg hadde hatt betre tid, skulle eg under her ha skrive ei liste over gode bøker eg gjerne anbefalar andre å lese. Bøkene på lista ville koste om lag 200 000 kroner. Sjølvsagt heilt tilfeldig.)

søndag 28. september 2014

fredag 26. september 2014

Spion-skule

Å uskadeleggjere bomber og knekke hemmelege kodar er ikkje dagleg kost i ungdomsskulen. I går var elevane på kulturhuset og deltok på eit arrangement knytta til forskningsdagane. Det var Bluedot og Suldal Vekst som stod som arrangørar, og elevane deltok i ei rekke ulike aktivitetar.


Før sjølve arrangementet, hadde elevane knekt ein kode for å finne ut kva for ei gruppe dei skulle delta i. Første oppdrag var å finne dei andre på same gruppe:


Så starta aktivitetane. På bildet under får elevane orientering om aktiviteten "bombe". Her skulle dei frakte ei "bombe" frå eit merka område og opp på eit bord, berre ved hjelp av ein hyssing. Dei hadde ikkje lov til å ta i bomba, eller gå innanfor sirkelen den låg i.


Ein annan aktivitet var "fruktsalat", der elevane skulle konkurrere med eit anna lag om å identifisere frukt i ei korg. I blinde. Det var om å gjere å finne alle sine frukter først. Tredje post var "Kims leik" og på siste post skulle elevane lage ein slags sprettert av pappkrus og ballong. Så måtte dei teste kor treffsikre dei var...


På kvar post kunne gruppene få med seg ein konvolutt med ei koda melding. Når alle oppgåvene var fullført, gjaldt det å knekke kodane og finne den hemmelege bodskapen.


Om dei kjende seg som ferdig utlærte spionar då økta var ferdig og dei gjekk tilbake til skulen att, er uvisst...


tirsdag 23. september 2014

Skuleglimt #9



Foto valfag er eit spennande fag. Det er kjekt å eksperimentere litt med ulike teknikkar og motiv! Dette bildet er frå førre veke, då vi var ute og fotograferte skuggar i alle fasongar og mønster.

lørdag 20. september 2014

Divergent-trilogien - Veronica Roth

Viss du har tenkt å lese berre ein fantasy-dystopi-trilogi dette året, er Veronica Roth sin Divergent-serie langt frå det dummaste valet du kan gjere.


I boka vert du kjent med Beatrice Prior, ei seksten år gamal jente fødd inn i ein svært klassedelt by. Det finst fem ulike fraksjonar å velje mellom. Beatrice høyrer til den mest oppofrande fraksjonen. Alle som tilhøyrer "Abegnation" må gje avkall på seg sjølv, og søke å gjere det som er best for andre. Heile hennar oppvekst er prega av denne tanken. No er ho altså blitt seksten år gamal, og skal delta i ein seremoni der ho må velje kva for ein fraksjon ho vil tilhøyre. Før dei gjer valet, går dei gjennom ein test som skal vise kor personlegdomen deira passar best inn: Blant dei lærde i Erudite, dei ærlege i Candor, dei venlegsinna i Amity, dei oppofrande i Abegnation eller blant dei fryktlause i Dauntless. Det verste som kan skje, er at du hamnar blant dei fraksjonslause. Då er det du stengt ute frå det gode selskap for alltid.

Beatrice passar ikkje inn nokon stad, og gjer eit val som endrar heile hennar verd. Frå då av begynner snøballen å rulle, og det viser seg at det boblar under overflata i byen. Store ting er i gjære, og Beatrice, som no kallar seg Tris, og venene hennar må bruke alt dei har av kløkt og mot for å redde situasjonen.

Verda og premissane for forteljinga vert endra og utvida for kvar bok i serien. På den måten får vi som lesarar eit stadig større overblikk over kva som eigentleg går føre seg. Og det er ingen lettvinte svar i Veronica Roth sin trilogi. Dette er det eg likar aller best med serien; Det er ikkje så godt å seie kven som er dei gode og kven som er dei onde. Verda er ikkje svart kvitt, og det er litt godt og litt vondt i alle. I tillegg: Korleis kan ein vite at dei som handlar på "det gode"-si side, verkeleg gjer det som er godt? Det er mange val å måtte ta stilling til, og hovudpersonane går gjennom ei enorm indre reise frå først til siste blad.

Det mest spennande i bøkene, for meg som vaksen lesar, er å følgje refleksjonsrekkene og konklusjonane til personane i bøkene.Ofte  gjer dei mot sine eigne val. Andre gongar veit dei ikkje kva dei vil, før det er for seint. Eller nesten for seint. Og så er det dei gongane dei er sikre i si sak, og handlar, men ser etterpå at handlingane slett ikkje var gode...

Kor oppsummert: Ein velskriven og spennande serie, med komplekse tankerekker og lite svart/kvitt-tenking. Ungdomsbøker du kan risikere å bli klokare som menneske av å lese!


torsdag 18. september 2014

Time for lekse (Anbjørg P. Oldervik)

Kom la oss lage
ny geografi

sløyfe grenser
og ha større kart

la oss åpne landene
og plante i naboens hage

innføre nytt
våre flagg
som løpere
når noen kommer

uten vaner
møte fremmede

være som barn
- hvor bor du

Kom alle la oss lære
vårt eget språk
om igjen

starte fra grunnen
hjerte betyr hjerte

Vi begynner


onsdag 17. september 2014

Soledad - Tor Arve Røssland

Kva om du ein dag vaknar opp og er heilt aleine? Ikkje som i at du er aleine i huset, eller at du ikkje finn nokon å vere saman med. Men at du vaknar opp og det ikkje finst nokon andre å finne? Det er det som møter Soledad. Ho er på ferietur til Utsira saman med faren. Den tiande dagen dei er der, vaknar ho opp til ei aude øy. Det finst ikkje eit einaste anna menneske på øya.

Utan moglegheit til å forlate øya, må Soledad klare seg som best ho kan. Ho lever på mat ho finn i dei forlatte husa, og ser i kikkerten at det skjer grusame ting på fastlandet. Nesten alt av bebyggelse er brent ned, og ikkje eit anna menneske er å sjå.

Så ein dag får ho auge på eit helikopter, og augnar håp. Ho klarar å trekkje til seg merksemda, og ser redninga nærme seg. Då samlar deg seg svarte skyer på himmelen, og eit lynnedslag styrtar helikopteret i vatnet. Alt håp om redning er ute - Soledad er verkeleg soledad (i einsemd).

Ho prøver å samle saman informasjon for å prøve å finne ut kva som har skjedd, og svaret er så rystande at det nesten ikkje er til å tru...

Dette er ei spennande ungdomsbok, om ei verd der reglane plutseleg vert endra. Boka passar godt for dei som likar spenning kombinert med framtidsdystopiar.

tirsdag 16. september 2014

Tribute til Eva Cassidy


I dag var vi på konsert i regi av den kulturelle skulesekken. Arrangementet var ein tribute til Eva Cassidy, den amerikanske songaren som først vart berømt etter sin død i 1996. Ho døydde av kreft berre 33 år gamal, men etterlot seg ei rekke vakre innspelingar av songar. Då dei vart gitt ut på plate, nådde dei etterkvart toppen av salgslisten. Dette skjedde først fem år etter at artisten døydde, så ho fekk aldri oppleve suksessen sjølv. Eva Cassidy var sjølv svært sjenert og hadde lite sjølvtillit som artist.


Songaren på konserten var Ingrid Kjosavik. Ho held seg som regel innan dei same sjangrane som Eva Cassidy gjorde, og framførte vakre versjonar av songane hennar.



 Knut Aabø, som blant anna har jobba mykje for Rogaland Teater, spelte piano:


Og bak gitaren sat Svein Olav Hyttebakk, som blant anna fekk Prøysenprisen i 2000.


Det var ein flott konsert, og det verka på elevane som dei likte den. Og eg vel å tru at det ikkje berre var på grunn av avbrekket frå vanleg undervisning...


mandag 8. september 2014

Denne lina er for tynn for begge oss (Heikki Gröhn)

To dansarar
på ei line.
Det er ein for mykje, meiner begge.

No kjempar dei om å bli først
til å kappe lina
framfor den andre.

Og ops,
der vann den eine!  



lørdag 6. september 2014

Tur til Høse

Torsdag etter lunsj gjekk vi på tur med klassen til Høse. Det var strålande solskinn og god temperatur, og godt humør heile vegen. Vi hadde sporløp på vegen ned, så elevane kom til Høse gruppevis.

Eg ser for meg at Monet hadde likt å sitje i vegkanten ved Høse denne ettermiddagen...


Ei av gruppene har kome seg gjennom dei tolv postane:


På andre sida av brua ventar gruppene som kom fram først.


Gjennom brua (Med 76 rettvinkla trekantar, av desse 48 likebeinte...)


Fin elv!



Etter ein del konkurransar og høgtideleg premieutdeling, samla vi saman tinga våre og gjekk opp att til skulen. Kjekt å kunne finne på ting utanfor klasserommet også!



fredag 5. september 2014

Roser - og ei viktig påminning


Det er helg. Ei travel arbeidsveke er over, og det er på tide å slappe av. Då passar det godt å kikke litt på rosene i hagen og nyte livet!


Rosetreet eg fekk i midten av juni er frodig som aldri før, og desse dagferske bildene av roser talar vel sitt tydelege språk - Eg trur det trivst!

Høgtlesingsboka i 8A er for tida "Momo - eller kampen om tiden" av Michael Ende. I lesetimen i dag las vi ein passasje mange kan ta til seg og tygge litt på, både ungdom og vaksne. Det er Beppo Gatefeier som filosoferar over livet. Følg med etter neste bilde!


"Du skjønner det, Momo," kunne han si, "det hender ofte at man står ved enden av en lang, lang gate. Og man tenker med seg selv at den var da forferdelig lang, dette her greier jeg aldri, tenker en da."

Han stirret taus framfor seg en stund, så fortsatte han: "Og så begynner man å skynde seg. Og man skynder seg mer og mer. Hver gang man ser opp, ser man at det ikke monner i det hele tatt og at gata er like lang. Og man kjaser og anstrenger seg enda litt til, og så kommer angsten, og til slutt står man der med hjertet i halsen og orker ikke et eneste skritt til. Og gata ligger der like skitten fremdeles. Sånn nytter det ikke å gå fram."

Han tenkte seg om en stund, før han forsatte: "Det nytter ikke å tenke på hele gata på én gang, forstår du? Man må bare tenke på det neste skrittet, det neste åndedraget, det neste strøket med kosten. Ett om gangen - hele tida."

Igjen stanset han og funderte litt, før han føyde til: "Da blir man glad. Det er viktig, da gjør man sakene sine godt. Og sånn skal det være."

Og etter en ny, lang pause fortsatte han igjen: "Før man vet ordet av det, har man tatt hele gata, skritt for skritt. Man skjønner ikke hvordan det har gått for seg, og man er ikke andpusten engang." Han nikket for seg selv og konkluderte: "Det er viktig."


Eller som Bobby McFerrin sa det: "Don't worry, be happy!"

God helg!

tirsdag 2. september 2014

Skuleglimt #6



Mykje lærdom, som i løpet av dei neste 10 månadane skal flytte frå bøkene og inn i 21 kloke, snart endå klokare, hovud.

mandag 1. september 2014

Skuleglimt #5: Då og no


Slik såg utsikta mot bussparkeringa ut i desember i fjor vinter. Bildet under er teke i dag, og det er ikkje berre været som har endra seg...