søndag 30. juni 2013

50 Cent: Playground

I boka Playground vert vi kjent med trettenåringen Butterball, som etter å slått ned ein skulekamerat må møte til samtalar to gongar i veka hos terapeuten Liz. Samtalane går trått, for Butterball har verkeleg ikkje lyst til å vere der, og i alle fall har han ikkje lyst til å fortelje kvifor han slo ned kameraten.

Heimeforholda er ikkje dei enklaste. Mora og Butterball har flytta frå faren, så han har gått på ny skule dei siste to åra. Mora jobbar så og seie døgnet rundt for å få hjula til å gå rundt, og farne verkar mildt sagt overflatisk, ja, nesten ovanfrå og ned, i sitt møte med sonen.

På skulen er Butterball underdog, men får ein viss status hos dei tøffe gutane etter episoden der han gav juling til kameraten.

Og så er det Nia, ei jente han syns er hyggeleg å prate med, men som mildt sagt er lite begeistra for hendinga i skulegården.

Gradvis opnar Butterball seg for Liz, og eit videokamera får ei sentral rolle i boka.

Playground er rett og slett ei intelligent bok, der vi kjem under huda på Butterball og gradvis byrjar å forstå hans motiv og korleis hans verden eigentleg ser ut. Vi får ikkje historia inn med teskei, men får bitane presentert som puslespel.

Forfattaren av boka er ingen ringare enn 50 Cent (Curtis Jackson). I denne boka, som eg likte veldig godt, viser han at han kan meir enn å skrive songar!

Når eg la boka frå meg, merka eg at eg rett og slett vart glad i Butterball!

lørdag 29. juni 2013

Matched - Crossed - Reached

Forfattaren Ally Condie har skrive ein strålande trilogi som har fått namnet Matched. Handlinga er lagt til eit post-moderne USA, der verda som vi kjenner den i dag har gått dukken. I staden har det vokse fram eit dystopisk framtidssamfunn, der mange av byggesteinane i dagens demokrati er borte. Handlinga foregår på ein stad som ganske enkelt har fått namnet Samfunnet. Dei som lever i Samfunnet, lever kontrollerte og avsondra liv, der dei skal skjermast for alt som er vondt eller opprørande.

For å halde kontroll på innbyggarane, har leiarane i Samfunnet bestemt seg for å øydelegge det meste av kulturuttrykka frå vår tid. Dei let berre hundre dikt, hundre songar og hundre maleri overleve utrenskinga. I det nye Samfunnet er det heller ingen som treng å kunne skrive, så det er berre nokre ytterst få som kan dette.

I den første boka, som på norsk har fått tittelen Cassias valg, vert vi kjent med dei tre hovudpersonane Cassie, Xander og Ky. Forelskelse og kjæresteri er overflødig i det nye Samfunnet. Når ein er 17 år, vert ein matcha (derav namnet Matched) med den personen ein avansert database har funne ut ein passar best saman med. På den måten kan ein oppnå maksimalt lukkelege par, som passar perfekt saman.
Boka startar med at Cassie er på veg til sin matchingbankett, der ho skal få vite kven som er hennar match. Ikkje alt går etter planen denne dagen, og Cassie byrjar etterkvart å stille spørsmål ved enkelte sider av Samfunnet. Er alt så perfekt som dei som styrer vil ha det til? Når ho etterkvart vert kjent med Ky, og lærer at livet inneheld meir enn det Samfunnet har presentert for henne til no, byrjar grunnvollane i tilværet hennar å svikte.

I dei to neste bøkene, Crossed (Flukten) og Reached (Opprøret), fyljer vi Cassie, Xander og Ky vidare på ferda mot å avsløre dei mørke sidene ved Samfunnet. 




















Det er fleire ting eg likar godt med denne serien. For det første er det framsidene på bøkene, som er metta med symbol og på ein god måte illustrerer innhaldet. Vidare er det sjølvsagt ei spennande handling, men på ein heilt annan måte enn eg hadde trudd då eg las første boka. I starten, når Cassie byrjar å opponere mot Samfunnet, verkar alt nemleg ganske svart-kvitt, og det er tydeleg kva som er rett og kva som er gale, og kva ho må gjere for å verte eit fritt menneske. Etterkvart som handlinga skrid fram, viser det seg at alt ikkje er så svart kvitt. Kan ho i det heile stole på noko eller nokon i den verda ho lever i?

Historia rullar fram, og i bok tre byrjar bitane å falle meir og meir på plass, og løysinga på det heile var, i alle fall for min del, svært overraskande.

Som eit eige lag i boka, er spørsmåla om ytringsfridom, pressefridom og valfridom heile tida nærværande. Cassie får to dikt av bestefaren sin då han skal dø (Samfunnet har bestemt at alle skal dø når dei er 80 år, på den måten er det ingen som treng å oppleve lidelse og tap av verdighet i alderdomen). Desse to dikta høyrer ikkje til dei 100 lovlege dikta i Samfunnet, og ho må halde dei hemmeleg. Orda er svært verdifulle, men kven kan ho betru dei til? Og ikkje minst vil ho gjerne vite kva bestefaren vil seie til henne gjennom dei to dikta.

Det skrivne ord, særleg i form av dikt, og også teikningar, songar, maleri og andre kunstuttrykk, er marginaliserte i Samfunnet, og får ein sentral plass i handlinga.

Bakteppet i historia, eit post-historisk USA, og eit dystopisk og overkontrollert samfunn, kan minne mykje om den verda som vart skapt av Suzanne Collins i "The Hunger games". Likevel skil Condie si verd seg ut på mange punkt, og bøkene er langt frå like. Likevel trur eg at mange av dei som likte "The Hunger Games", også vil like Matched-trilogien.

onsdag 26. juni 2013

Erebos

Boka Erebos er ei verkeleg spennande bok, og har du først begynt å lese i den, er den vanskeleg å leggje frå seg. Utgangspunktet er trivielt nok eit dataspel som byrjar å sirkulere på ein skule og vert populært. Det er berre det at dei som spelar byrjar å endre personlegdom... Eg-personen får også tak i spelet, og er snart vikla inn i noko som er større enn han forstår. For kva gjer du når eit dataspel byrjar å kommunisere med deg, og får folk til å gjere ting dei aldri ville gjort elles? Snart byrjar frykta å spre seg, for kva er det eigentleg Erebos vil...?

Erebos er rett og slett ein velkomponert ungdomskrim, med element frå fantasy-sjangeren. Unn deg nokre nervepirrande timar med denne boka i sommar!

lørdag 22. juni 2013

Våren - ei oppsummering

Våren kom seint til Sand skule i år. Dette bildet tok eg 3. mai:


Likevel. Til slutt dukka sola opp! Først inne i 2. etasje, der elevane på barneskulen har laga dette flotte veggteppet med inspirasjon frå Edvard Munch sitt maleri "Solen": 


Og så vart det vår ute også. Nye leikeapparat har blitt bygd, og det er blitt sett ut fleire nye benkar. Kanskje det siste til størst glede for ungdommane, som ikkje går av vegen for å sveitte litt for komforten... Og sidan dei ikkje hadde lov, måtte dei bere den tilbake også:


Også i år deltok vi i Tinestafetten, og tradisjonen tru (i alle fall andre året på rad...) var det A-klassen som kryssa mållinja først. Her står dei klare til å springe, lukkeleg uvitande om kven som får juble til slutt:


Elevane vil veldig gjerne ut og jobbe når sola skin og gradene er tosifra og vel så det. All erfaring tilseier at effektiviteten synk omvendt proporsjonalt med solstrålar som treff huda, så elevane får som regel nedslåande svar på spørsmål om å gå ut... Men av og til er det greit å kunne innfri slike forventingar også, og heller senke forventningsnivået for restultata nokre hakk. Her sit dei og jobbar med forteljingar:


Benkane kan brukast til andre ting enn stilskriving også. For eksempel iseting nest siste skuledagen:


Så er vi om lag ved vegs ende med skuleåret, heile gjengen er samla i gymsalen til avslutning og elevane mine har endeleg stige nok i "gradene" til å få sitje med ryggen mot ribbeveggen...


Oppsummering av året, ein bildekavalkade på klasserommet, var noko av de siste dei fekk med seg. Eg sette på random speling av U2-låtar i bakgrunnen, og spelaren starta like godt med "Miss Sarajevo", ein heller roleg sang der også Luciano Pavarotti bidreg med ein lengre passasje... Godt å kunne gje med elevane litt høgare kultur enn Justin Bieber på veg ut i sommaren!


onsdag 12. juni 2013

Padling i Suldalslågen

Dei to siste dagane har eg vore med elevgrupper ut i kano i Suldalslågen. Begge dagane har det vore godt vér, og alle har kome seg heilskinna ned (trass i ein velt og ein del kanoar som køyrde seg fast i steinar den siste dagen...) Her er ein del bilete frå dagane:

Tysdag:









Lunsj: Grilling av pinnebrød og pannekaker ved gamma.


Så kom vi til slutt ned til landingsplassen på tysdag, og bar kanoane opp til vegen.


Onsdag:


Litt meir overskya vér, men grei temperatur.








Etter lunsj padla vi ned dei siste stryka til brua ved Førland. Nokon var våtare enn andre, men vi kom då ned alle mann!