fredag 24. mai 2013

Tankar frå bak eit kateter

Det er fredag, ute skin sola og eg kan høyre at fuglane syng. Døra står ope ut, for vi treng frisk luft i klasserommet. Våren er her, og vi er midt inne i tentamenstida. I dag sit 28 ungdommar heilt rolege ved kvar sin pult, og eg sit roleg bak kateteret.

Dei einaste lydane eg høyrer frå rommet, er knasting på pc, litt knitring frå drops- og sjokoladepapir og ei og anna brusflaske som vert opna og skrudd att.

I ei slik stille atmosfære er det heilt naturleg at tankane startar å vandre. Litt attende til den gongen eg sjølv hadde tentamen. Eg hugsar godt spenninga på førehand, og korleis spenninga sakte løyste seg opp utover dagen og vart erstatta av rastløyse og tungt hovud. Det kostar å jobbe så intenst fleire timar i strekk. Luftepausane var uerstattelege.

Samtidig tenkjer eg på at dei har det litt lettare i dag, ungdommane. Her sit dei med kvar sin pc, medan eg, den gong då, måtte kladde og føre inn med penn. Det er i grunn ikkje så rart at dei blir ferdige før tida, dei fleste… På ei anna side har dei større utfordringar også. Det er ikkje så lett å sjå eigne skrivefeil på datamaskina, og retteprogrammet er slett ikkje alltid til å stole på. Mange går i fella og trur dei er ferdige lenge før dei er det. Slik sett var det lettare før.

Eg tenkjer også på kva eg kunne gjort i staden for å sitje her. Tenk å sitje på altanen i dag, med shorts og solkrem, eit glas iskaldt vatn, kanskje ein pose chips og ei god bok.  Inne frå huset skulle det strøyme musikk frå radioen, og eg skulle nyte dagen…

Det hadde nok ikkje vore heilt slik om eg hadde fri, men det kunne jo vore. Heldigvis er det ikkje mange vekene att til sommarferien. No skal eg berre vurdere desse 28 tekstane dei skriv i dag … og dei 28 dei skriv neste tysdag … og matematikktentamenen neste torsdag… Og kanskje noko meir i tillegg til det også. Innspurten av skuleåret er alltid travel, men det å sjå ferien nærme seg i racerfart er god motivasjon.

Tankane mine går tilbake og utover, men aller mest går dei framover. Eg tenkjer på framtida. Ikkje mi, men framtida til dei 28 elevane som sit bøygde over arbeidet sitt framfor meg. Kva visste eg om mi eiga framtid då eg var 15? Ikkje så mykje. Eg hadde mine draumar og håp, men kunne aldri sett for meg korleis livet faktisk har blitt. Det er kanskje det fine med framtida, at ein ikkje kan vite korleis den blir. Då vert det spennande å sjå kva som skjer.

Tenkjer elevane mine slik? Eg håpar det. Eg håpar dei har draumar om framtida, og ser med spenning fram mot det dei skal møte. Truleg blir liva deira heilt annleis enn det dei tenkjer i dag, eller kanskje er dei så målretta og medvitne, at dei klarar å styre liva i den retninga dei vil? Det er ikkje så godt å vite, i alle fall ikkje for oss som ser dei frå utsida, og ikkje har tilgang til tankane og draumane deira.

I det minste håpar eg dei ser lyst på framtida. At dei har tru på at framtida vert bra, og at dei torer satse, investere i draumane sine. Utan håp, utan draumar, druknar motivasjon og tiltakstrongen. Draumar er viktige.

Er eg med på å skape desse draumane i dei? Av og til er eg veldig usikker på det. Eg trur nok eg gjer det i altfor liten grad, sjølv om eg prøver. Ofte legg eg nok fleire steinar til børa enn kva godt er, og kanskje punkterer eg somme dagar draumar… Når dei faglege krava vert store, og arbeidsmengda like stor, og dei vert motlause og føler seg udugelege. Slike dagar er ikkje gode. Eg elskar dei dagane ungdommane forstår kva eg snakkar om, og forstår det eg prøver å lære dei. Dei dagane eg ser at det går opp eit lite lys eller to i auga, og horisontar opnar seg og dagen vert litt lettare å hanskast med. Ikkje alle dagar er slik, og eg skulle gjerne hatt fleire av dei, men dei som er, er gull verdt.

Om tjue år er elevane mine like gamle som meg, og livsvegen deira er truleg blitt noko tydlegare. Undrast på kor eg møter dei att då? Han i den svarte t-skjorta, for eksempel. Er han legen eg går til med den knekte foten? Eller er han rørleggjar, advokat, sirkusklovn eller fiskar? Ho i den lyse t-skjorta, er ho arkitekt, ingeniør, omsorgsarbeidar, kassadame, lastebilsjåfør, skodespelar eller journalist? Sit her ein ordførar i klassen? Kanskje til og med ein … statsminister?

Det er umogleg å seie. I dag. Eg syns det er spennande å møte att tidlegare elevar, og høyre kva dei driv på med. Og eg syns det er spennande å tenkje på kva desse her ein dag kjem til å drive med. Det er så mange moglege val!

Eg håpar at også dei ser dette. At også dei vågar å drøyme, vågar å tenkje framover.

Og vågar å satse, vågar å leggje ned arbeid i draumen sin. For utan draumar, og utan håp om å nå dei, kor endar vi då?

Eg har enda opp bak eit kateter, og kjenner at eg er nett der eg ynskjer å vere. Det var dette som var draumen min, heilt frå då eg gjekk på ungdomsskulen. Eg snakka ikkje så høgt om det, det var ikkje så mange som visste. Det var på ein måte ikkje så stilig å seie at ein ville bli … lærar… Dei var på ein måte, om ikkje “fienden”, så i alle fall ei gruppe menneske vi ikkje relaterte oss til. Slik eg reknar med gruppetanken om yrket er også i denne klassen. Likevel sit det kanskje nokon med ein draum om å undervise, om å ein gong få sitte bak eit kateter og sjå på ungdomar som jobbar og drøyme om framtida deira.

Det er ikkje godt å vite.