fredag 14. september 2012

Gjennom kikkertsiktet (Novelle)

Eg ser mannen gjennom kikkertsiktet på rifla mi. Han er høg, neste to meter, og vaggar lett når han går. Eg har sett han fleire gongar tidlegare, både i bilar som køyrde til og frå murbygget, og gåande i gatene saman med andre menneske. Han ser alltid så streng ut, eg har aldri sett han smile eller le. Eg har lagt merke til akkurat det, for det gjer det heile så mykje lettare for meg. Det verste eg veit er å skyte menneske som ler. Det verkar så altfor brutalt, endå eg veit at dei eg skyt, har gjort seg fortent til det. Eg let meg ikkje stoppe av sentimentalitet.

Tidlegare i dag fekk eg nye opplysningar frå sjefane mine. Som den beste skarpskyttaren dei har, får eg alltid særskilt behandling. Eg får det beste utstyret, den beste løna og dei viktigaste offera. Ein medsoldat leverte meg ein lukka konvolutt, der dagsprogrammet for denne mannen eg har jakta på så lenge stod. Eg veit ikkje korleis dei hadde fått tak i det, men når eg no nettopp såg han svinge rundt hjørnet, på veg mot parkeringsplassen i enden av gata, visste eg at dei hadde gode kjelder.

Det vil ta om lag to minutt å gå heilt fram til plassen, så eg veit eg har greitt med tid til å stille inn siktet godt. Alt må vere perfekt, treff på første forsøk, for dette vil vere den einaste sjansen min. Bommar eg, kan eg berre gløyme å ta opp jakta på han igjen. For det første vil han nok skjule seg betre, og for det andre vil dei setje i gong ei klappjakt på meg. Akkurat jakta vil nok komme uansett, men den vil øydeleggje alle sjansar for eit eventuelt forsøk nummer to.

Med andre ord: Det er no eller aldri.



Eg ser på han gjennom siktet, vurderer avstand, vurderer vind og tel sekunda inni meg. Full kontroll. Eg let han vandre framfor siktekornet mitt, uanande om det som skal komme. Det er eg som har makta og kontrollen, og det fyller meg med adrenalin og til og med litt glede. Det høyrest kanskje litt grotesk ut, men eg likar jobben min. Endå så mange menn eg har sett falle saman gjennom kikkerten min, klarar det ikkje å ta frå meg gleda over å gjere ein god jobb. Eg er den beste, og det er ubestrideleg.

Eg startar nedtellinga. Fire sekund, tre sekund, to sekund. Plutseleg ser eg ei rørsle heilt i utkanten av kikkertrundingen. Nokon som spring inn i bildet, rett mot mannen. Roa mi forsvinn, og eg pustar raskt ut før eg fokuserer i kikkerten att. Eg vil vite kven det er som kjem og forstyrrar det fredelege bildet mitt.

Personen er låg, eg ser at det må vere eit barn. Langt hår, kanskje ei jente, kledd i bukser og t-skjorte. I handa held ho noko som ho rettar fram mot mannen. Ein bukett med blomar. Mannen bøyer seg ned og tek i mot, klappar henne på hovudet, og smiler medan han ser henne springe vekk. Smiler. Noko dett saman inni meg.

Eg har fulgt etter han så lenge. Det er som om eg kjenne alle rutinar, alle vanar. Vi er nesten som bekjente, berre at han ikkje veit om det. Og no har eg sett han smile. Eg begynner å tenkje på familien hans. Kanskje var det dottera hans eg såg springande over sirkelen min. Kanskje ei niese. Om ettermiddagen set han frå seg skoa i gongen, helsar blidt på kona og borna. Et middag og les avisa. Kanskje likar han å lese om seg sjølv i avisa, kanskje mislikar han det. Ikkje godt å seie med menn i hans posisjon.

Sjølv likte eg godt å spele sjakk. Før alt snudde om, og kvardagen vart fylt opp av krutt og strategiteikningar. Eg likte å sitje i ro og tenke ut lure trekk, og finne ut kva motstandaren ville gjere. Det kan hende at akkurat det er grunnen til at eg vart den beste skarpskyttaren. Eg har tålmodet. Og eg har sett folk i sjakk matt før, utan at det går noko inn på meg. Det heile er berre eit spel, og eg ei viktig brikke. Eg har min naturlege plass på brettet, og er sett der for å ta vekk andre brikker.

Barn gjer det heile så komplisert. Dei får meg til å føle, og det er ikkje det beste ein kan gjere når ein ligg og skal skyte nokon.

Eg tek meg saman og ser på mannen gjennom kikkertsiktet att. Siktar meg inn, fylgjer han på vegen vidare mot parkeringsplassen. Tel ned, gjer det eg må gjere.

Eg er trass alt profesjonell.

(Tekst: Ole Jørgen. Illustrasjon: Bilde frå Flickr: Redsnap. Manipulert av meg.)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar