tirsdag 10. juli 2012

Knust glas

Rundt beina mine ligg glasskåra strøydd utover. Store bitar, små bitar, spisse og blanke. Eg går forsiktig over dei, høyrer det knase under skoa for kvart steg eg tek. Går forsiktig, ser etter kor mykje glasskår det eigentleg er. Ser opp på vindauget på veggen, som ikkje lenger er eit vindauge. Det er eit ope hol, med taggete kantar. Innanfor, mellom pultar og ranslar, ligg det også litt glasbrot. Ikkje så mykje som her ute, berre litt. Vindauget vart knust frå innsida, og det var eg som gjorde det.

Ingen veit at det er mi skuld. Det var ingen som såg meg. Ingen som høyrde at det skjedde. Eg var aleine, dei andre var samla i gymsalen. Eigentleg skulle eg vere der eg også, men eg måtte ut på do. Og så var eg innom naboklasserommet, skulle berre trikse litt med ballen, ikkje så mykje, berre litt. Det er som regel nokon andre som har den, no hadde eg sjansen til å prøve sjølv. Utan at nokon kunne blande seg inn. Utan at nokon fekk med seg kor gale det gjekk.

Eg gjekk rett tilbake til gymsalen, sette meg på plassen min og lytta vidare på konserten. Knapt nokon hadde lagt merke til at eg var borte, om nokon i det heile. Det var ein bra konsert, artig og stilig. Den siste delen smaug seg rundt meg, utan å trengje inn. Den svarte klumpen i magen var for stor til at eg klarte å fylgje med. Hjernen min var full av singlande glas.

Så kom friminuttet, og eg sprang saman med dei andre ut i skulegarden. Eg oppdaga glasskåra saman med dei andre. Sprang rett bak Amalie og Geir, vart like overraska som dei. Nesten. No berre tek vi dette store nye inn over oss, og Geir har sprunge for å seie frå til vaktene. Den svarte klumpen er no så stor at eg ikkje veit kor eg skal gjere av meg. Eg har lyst til å springe, eg har lyst til å stå stille. Men eg gjer ingen av delene, eg går berre roleg vekk. Samtidig held eg auge med vindauget, ser når vakta kjem, ser vaktmeisteren komme med kost og brett. Ser rektor komme ut til vakta. Då snur eg meg, og ser på dei som spelar basketball i staden. Eg ser ingenting, for eg har tåke framfor auga.

Vi har kontaktlæraren vår i timen etterpå. Norsk. Vi har om Henrik Ibsen, og held på å lese Peer Gynt. Vi sit klare med boka framfor oss, læraren er sein. Det er ei spent tyngde over klassen, og den svarte klumpen har begynt å krype opp gjennom magen og eterøyret mitt. Eg er kvalm.

Læraren set seg bak kateteret, og stirrar på ein gul lapp som er limt utanpå Peer Gynt. Ingen kan sjå kva som står der, men vi veit det likevel. Eit knust glas i B-klassen sitt klasserom. Det som er rett ved sidan av toaletta. Hjartet mitt slår hardt, eg er sikker på at alle kan høyre det. Læraren kremtar og reiser seg opp. Ser på lappen, løftar auga og ser utover klasserommet. Begynner å snakke, men eg høyrer ikkje kva han seier. Ser berre leppene som bevegar seg opp og ned, formar bokstavar og lydar, men ingenting av det eg høyrer gir meining. Berre tåke.

Plutseleg festar han auga på meg, og det er som alle dei andre pultane forsvinn. Eg sit att, heilt aleine i klasserommet, og den store lærardommaren stirrar meg i senk med laserauge. Det varer nok berre nokre hundredels sekund, men det er lenge nok til at den svarte klumpen kryp saman. Trekkjer seg saman til ein tett ball, og strammar alt den har rundt seg til ein hard og tung knute. Eg hikstar etter luft, og klarar ikkje halde munnen att lenger. Det var eg, seier eg plutseleg. Tjuefem par auge snur seg mot meg.

Læraren stoppar taleflaumen, og ber meg gjenta det eg sa. Det var eg, seier eg ein gong til. Kjenner at lungene får luft att. Den svarte klumpen begynner å løyse seg opp.


(Tekst: Ole Jørgen. Illustrasjon: Elev i 8A)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar