tirsdag 3. juli 2012

Anger

Eg møtte han første gong i 1992. Vi var 13 år begge to, og hadde nettopp starta på den same ungdomsskulen. Sjølv om dette var første gong vi møttest, visste eg om han på førehand. Ryktene spreier seg raskt, og alle visste at han ikkje hadde vener. Ingen.

I friminutta stod han i eit hjørne for seg sjølv. Det såg alltid ut som han tenkte mykje. Han berre stod der, stirra ut i lufta og tenkte. Sikkert djupe tankar, eller vanskelege tankar. Eller kanskje såre tankar. Det må ha vore mange såre tankar som vart tenkte i det hjørnet.

Vekene gjekk, og regnet kom. Haustregnet varte alltid så lenge der eg vaks opp. Veke inn og veke ut, utan pause. Til slutt var det å ta på seg støvlar og regnjakke ei rutinesak, ikkje noko ein tenkte så mykje over lenger. Det er vel ein av forsvarsmekanismene til oss menneske, det å la alt det tunge som vi berre gjere bli rutine. Då treng vi ikkje tenkje så mykje på det.

I friminutta stod han fortsatt i eit hjørne for seg sjølv. Han hadde støvlar og regnjakke, som oss andre, men han såg bestandig så våt ut. Våt og forkommen og heilt aleine. Eg kikka bort mot han av og til, der eg stod med venene mine og snakka om den siste MacGyver-episoden, eller om dei nye programma på nye TV2, eller dei artige replikkane til Chief Inspector Clouseau frå The Pink Panther. Det var slikt vi snakka om i 1992. Det var alltid mykje å snakke om. Men borte i hjørnet stod han og tenkte. Djupe, såre tankar. Kanskje han såg på Clouseau han også? Ingen av oss visste noko om kva han såg. Ingen av oss spurte.

Så kom oktober, og oktober kom med endå meir regn, viss mogleg. Sekken var alltid våt når eg kom til skulen, og berre det at eg alltid lukka den skikkeleg, heldt bøkene tørre. Buksa tørka ikkje før i tredje time. 14. oktober stod vi og snakka om Askeladden, spørjeprogrammet. Vi var sju stykker trykt saman under det vesle taket over inngangsdøra. Han stod i hjørnet, som vanleg. I to månader hadde vi gått i same klasse, og eg hadde endå ikkje høyrt han seie eit ord. Og ikkje høyrt nokon seie noko til han heller.

Det var fem minutt att av friminuttet, og plutseleg såg eg han komme gåande mot oss. Ingen andre la merke til endringa, det var nok ikkje så mange som hadde lagt merke til at han stod der i det heile, så kvifor skulle dei merke at han plutseleg ikkje stod der lenger? Han gjekk mot oss, men verka usikker i stega. Liksom bedande. Såg mot oss, det tørre taket, praten, alle orda som svirra att og fram og latteren som ofte steig opp over den vesle gruppa. Latteren nådde ikkje heilt bort til hjørnet. Berre lyden av den.

Han stilte seg under taket, heilt i utkanten av den vesle gruppa vår. Såg usikkert frå den eine til den andre. Det lyste av han at dette var noko uvant. Det var vanskeleg å ta kontakt, nesten umogleg. Korleis skulle ein vel lære slikt, når ein ikkje har vener?

Stille, berre litt høgare enn kviskring, våga han seg ut med eit spørsmål: “Klarte de spørsmål fem i går?” Vi som stod nærast såg litt forvirra på kvarandre. Vi såg mot Fredrik, det var ofte han som staka ut kursen for samtalen, og ein måtte liksom ha han med på laget. Sa ein imot Fredrik, var det ikkje sikkert at det var plass under taket neste dag. Det verka ikkje som han høyrde spørsmålet, for han fortsatte å leggje ut om den teite sluttreplikken til Finn Schau. Den var ikkje heilt god, visst.

Eg såg bort på han i augekroken. Ansiktet lukka seg litt, det var akkurat som uvissa kraup inn gjennom auga hans og gjorde han endå meir usynleg. Eg hadde lyst til å svare, hadde lyst til å snu meg og seie at ja, eg klarte det, men det var vanskeleg. Hadde lyst til å flytte meg endå meir til høgre, så han fekk betre plass. Men eg gjorde det ikkje. Eg heldt munnen lukka, og lot Fredrik prate vidare.

Til slutt snudde han og gjekk ut i regnet att. Vekk frå den vesle, tørre gruppa, tilbake til hjørnet sitt. Igjen stod han og tenkte. Auga var mørkare enn før, men det var umogleg å sjå dei tydeleg. Det var altfor mykje regn.

Det var hausten 1992, den hausten det regna så mange tårer at store bitar av hjartet mitt vart vaska vekk.


(Tekst: Ole Jørgen. Illustrasjon: Elev i 8A)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar