lørdag 21. juli 2012

Aarons maskin - Sverre Knudsen

Den norske forfattaren og musikaren Sverre Knudsen gav i fjor ut si 25. bok, og for ei bok! Aarons maskin er ein drivande god roman, som det nesten er umogleg å legge frå seg.

Historia er lagt til ei tenkt framtid, der teknologien har kome mykje lenger i dag. Slik sett har den eit science fiction-preg, utan at historia av den grunn mister bakkekontakten. Dette er ikkje noko Star Wars-forteljing. I staden har den eit svært dystopisk preg, der det enorme selskapet Libercorp har fått ei enorm makt i samfunnet, og ikkje skyr nokon midler for å tene meir penger. Aaron og foreldre flyttar til ein storslått bygning eigd av selskapet, og faren, som er ingeniør, skal jobbe for selskapet. Slik startar boka, men det vert snart klart at det ikkje er faren i familien som er interessant for selskapet. Han forsvinn ganske raskt på mystisk vis, og mora vert fjernare og fjernare etterkvart som tida går i det nye tilværet. Dermed er det Aaron sjølv som må ordne opp.

Aaron har eit stort naturtalent: Han har ein utruleg god intuisjon, og er difor drivande god i for eksempel dataspel, og han kan sanse utstrålinga frå andre menneske. Når den geniale oppfinnaren Liberman skal utvikle og prøve ei maskin som kan ta vekk det onde frå menneska, er han interessert i hjelp frå Aaron. I seg sjølv virkar den nye maskina og intensjonen bak det å skulle skape 100 % gode menneske som ein god idé, men det er noko som ikkje stemmer i Libercorp, og Aaron møter stadig meir innvikla mysterium, og er i tvil om kva som er godt og kva som ondt, og kven han kan stole på. Alt han veit, er at alt ikkje er som det skal...

Viss du ynskjer å lese ei spennande bok, lagt til eit gjennomteknologisk samfunn, og samtidig få med deg eit fornuftig bodskap og ein god porsjon filosofi undervegs, er dette boka for deg:


God lesing!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar