lørdag 30. juni 2012

Mopeden (ei novelle)

Vi fann den i går, heilt tilfeldig. På den gamle og nesten gløymde skogsstien ovanfor sauebeitene. Der stod den lent inntil eit tre. Bakdekket var flatt, men elles var det ingenting i vegen med den, så vidt vi kunne sjå. Ei lang stund stod vi berre og stirra på den, utan å vite kva vi skulle gjere med funnet vårt.

Det var Oskar som først tok ordet: “Det er ein Yamaha.” Mira og eg berre nikka tause. Ein kvar idiot kunne sjå at det var ein Yamaha.

“Eg trur den er sju år gamal.” Mira har sett seg på huk og ser inn på motoren. “Det står 2005 her, på ei slik lita metallplate.” Eg bøyer meg for å sjå det ho har sett, og legg merke til at det er lite sot på eksospotta, ja lite skit i det heile. “Ser ikkje mykje brukt ut.”

Vi står og ser på sykkelen ei stund til. Mira går bortover stien og kikkar både oppover og nedover, og eg ser den andre vegen, tilbake dit vi kom frå. Det ser ikkje ut som det er eit einaste menneske i nærleiken. Ingen eigar i sikte. Ingen som kan leggje merke til tre ungdommar i nærleiken av ein moped.

“Veldig fin framlykt,” seier plutseleg Oskar, og dultar borti det blanke metallet. Framhjulet dreiar så vidt litt utover, og så tilbake i den posisjonen det hadde. “Kunne vore fin…” Orda dør liksom ut mellom leppene hans, og Mira trekk på skuldrene: “Ja, og så?”

Oskar ser nøyare på lykta, ser på festet, leidningane, det blanke glaset. “Trur ikkje den er så vanskeleg å ta av.” Det var akkurat det eg tenkte sjølv, men det høyrtes heilt feil ut no som orda var sagt. Mira stirrar på han med store auger, og ser spørjande på meg. “Han kan vel ikkje…?” Eg trekk berre på skuldrene og set meg ned på ein stein ved sidan av stien. Det er ein fin plass. Akkurat passe open, akkurat passe lukka. Vi kan sjå utover bygda, ser engene, vegane, frukthagane, men eg tvilar på om nokon klarar å få auge på oss her oppe. Og viss dei skulle sjå oss, ville dei kanskje tru at det var tre steinar over beitemarka. Eller tre sauer, viss vi rører på oss.


Mira set seg ned på den same steinen, vi har begge to ryggen til Oskar og mopeden. Ser utover den fredelege bygda, medan vi høyrer stille metallydar bak oss. Til slutt vert det stilt, og Oskar startar å gå bortover stien. “Kjem de?” Han ser ikkje på oss medan han spør, så det er berre så vidt vi får med oss orda. Men jo, vi kjem då, og vi må springe litt for å ta han att. “Og no då?” spør eg, medan eg strevar for å halde farten. Mira er mykje raskare, så ho er allereie komen forbi Oskar, og eit godt stykke ned i bakken. “Dette har eg ingenting med, ok?” ropar ho bak til oss. “Ok?” Ho har stoppa opp no, og ser på Oskar med smale auge. Oskar berre nikkar, og prøver å få igjen pusten. Han held på ei grein som stikk ut over stien, og lenar seg mot den. Han er andpusten og raud i fjeset. Vi kan tydeleg sjå at den venstre jakkelomma bular.

Mira startar å gå med det same ho har fått nikket frå Oskar, og snart spring ho nedover stien. Ho forsvinn bak grantrea, og Oskar og eg står tilbake aleine. “Det var kanskje ikkje så lurt,” prøvar eg, men Oskar berre snøftar og startar å gå igjen han også. “Vi snakkast i morgon, Bolle!” Eg hatar når han kallar meg det. Berre fordi eg har foreldre som er så teite at dei gir sonen sin namnet “Olle”, som om dei budde i Sverige eller noko, så er det liksom fritt fram å tulle med det. Eg prøvar å rope etter han, men han berre vinkar med handa og forsvinn i skogen.

Dagen etter vert eg vekt av mobiltelefonen. Det er Mira som ringer, og ho kviskrar når ho snakkar. Det er berre så vidt eg får tak i orda, men eg forstår ho vil eg skal komme ned til henne. Ho bur nesten midt i sentrum, viss vi kan kalle kaia, butikken og den vesle bensinpumpa, og frisørsalongen, for sentrum.

Ho ventar på meg i hagen utanfor huset, og vinkar meg bort til seg. Vi listar oss stille over plenen og bort til gjerdet, og der har vi fri utsikt ned til kaiområdet. “Der, rett bakanfor bensinpumpene!” Mira peikar mot eit punkt langt borte på kaia, og først forstår eg ikkje kva ho meiner. Så ser eg det plutseleg, akkurat som når ein plutseleg ser kor puslespelbiten passar. Der står ein kvit moped, ein Yamaha. Ved sidan av står det to menn, den eine peikar og viftar med hendene, og den andre ristar på hovudet. Det er heilt tydeleg at det er sykkelen dei snakkar om. Eg kjenner hjarta dunka hardt, og hendene er klamme.

Vi ryggar vekk frå gjerdet, og legg oss ned i graset. Sjølv om eg ser dei rolege skyene som glir forbi, klarar eg ikkje å samle tankane. Det einaste som står klart tilbake, er redsle, og eit sinne retta mot Oskar. Og meg sjølv.

(Tekst: Ole Jørgen. Illustrasjon: Elev i 8A)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar